Kråka

Kråka er ingen storfjukar.
Men ho sluttar aldri å øva seg.
Sjå, kor ho driv på
med kjappe tak
og skal nå skogen!

For kråka likar å fjuka.
I raude haustkveldar fyre storm
strævar ho seg mot høgdi,
og kjem att - siglande
millom svelande lauvsblokkor
i djerve bogar
yver svarte skogtoppar
som styvingen i sitt fyrste rus.

Ørni kan fjuka,
segjer kråka, og flytter
høgtideleg fot.
Men ho læst ikkje gå
når ho viser seg
yver fjelli.

Ein dag såg ho ei høne flaksa
yver nettingen og skjena
nedetter.
Då skulde du hørt på skrepping,
kor glup høna var
til å fjuka!

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik RøkkumToveVigdis VoldEivind  VaksvikRisRosOgKlagingKikkan HaugenLailaKaramasov11Bente NogvaNina J.B.Tove Obrestad WøienMorten MüllerTor Arne DahlEgil StangelandLilleviLindaBOddvarGGro-Anita RoenAgnete M. HafskjoldKirsten LundLars MæhlumCecilie MEileen BørresenBård Støremay britt FagertveitAndré NesseKristin_Pirelli