ØYDING AV TID OG PENGAR.
I dag var eg nedyver, og eg kjypte Dagbladet. Det er 50 øredet no. Og eg vil påstå eg vart ikkje korkje vitugare eller meir upplyst av det. Kjøper du deg Odyssevs-kvadet, so kostar det 12 kr. Og du har lesnad eit halvt år. Attåt kan du røkta ditt vanlege arbeid. Og eg er viss du vil segja det var ei rik tid. Dagbladet kostar 60 kr. for eit halvt år; skal du kjøpa det i bokhandel munaleg meir. Kva har du att? Jag, uro, og mykje dumme meiningar av folk som i grunnen er åndeleg umyndige.
band 1
Olav H. Hauge