OG DØDEN SKAL IKKJE VERA MEIR

Eg har aldri skrive - heller ikkje i dagboki - um røynslor frå den tidi eg var på Nevengarden og Valen, det kan vel vera 5 år samanlagt. Her skal eg berre nemna at i alle dei åri, kor tilstanden og stemningane elles kunde brigda, eitt var sikkert: Døden var ikkje til. Alt hadde vore til, og skulde vera til. Umskifte veksing og minking, var ein naturleg ting, men døden, slik me til kvardags forstår han, var ikkje til. Snerta tanken meg, og eg hugsar det; for eg hugsar eg kunde minnast kva eg før tenkte, var det med stor sorg og gjorde usegeleg vondt, hugsar eg. Det var det merkelege at når den tidi eg hadde levt igjennom, frå barndommen og uppyver, arbeid, ungdomsliv og slikt, stundom minna seg, so gjorde det alltid vondt; det var ei låg og syrgjeleg tid, ein stusseleg tilstand som eg var flytt ifra, upp i ein høgare heim.

Eg skal prøva å hugsa ymist av det eg røynde i dei åri, men for det fyrste har eg ikkje havt mod til det, ikkje fordi det på nokon måte gjer meg vondt å minnast dei åri, det er umsnutt det, men fordi ein ikkje gjerne fortel um det dyraste ein har upplevt.

Band 1

Olav H. Hauge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalIngridKjerstiHarald KPiippokattaKarin BergHilde VrangsagenTanteMamieBjørg RistvedtIngunn SRisRosOgKlagingStig TKirsten LundTove Obrestad WøienLailaBjørg Marit TinholtEvaMarianneNJulie StensethMorten MüllerHeidi HoltanHelena EHenrik  Holtvedt AndersenTonje-Elisabeth StørkersenHilde H HelsethBerretMariaHåvard EngeFarfalleCathrine PedersenDemeterEivind  VaksvikLars Johann MiljealpakkaRune U. FurbergEster SEllen E. MartolTone Maria JonassenGodemineToveCaroline