Forskingsprosjektet omfatta tabloidavisene engelske Sun, tyske Bild Zeitung, danske BT, og norske VG. For alle dei fire undersøkte organa, var konklusjonen eintydig og den same. Dei gjenspegla eit psykotisk verdsbilde. I ei samrøystes fråsegn slo både dei psykiatrisk og dei psykogisk sakkunnige fast at ut frå streng fagleg vurdering burde dei ansvarlege bak desse avisforsidene straks tvangsinnleggjast for observasjon og adekvat terapi. Dersom forsidene spegla verdsbildet til dei ansvarlege redaktørane, var det ingen tvil om at det dreia seg om mentalt forstyrra, og dermed utilreknelege personer.