Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve,
Og evig er Ordet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Stig TAkima MontgomeryMads Leonard HolvikKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeDemeterTerje MathisenEmil ChristiansenFindussiljehusmorÅsmund ÅdnøyNorahEileen BørresenTanteMamieTine SundalJan-Olav Selforsmay britt FagertveitAlexandra Maria Gressum-KemppiRuneLisbeth Marie UvaagBjørg L.Kristin_Jane Foss HaugenKarin BergMorten MüllerPiippokattaLene AndresenElinBeTove Obrestad WøienEllen E. MartoledgeofawordChristofferAQuariuskriraCamillaLailaAnne Berit GrønbechBeathe SolbergMorten Jensen