Den norske staten har som prinsipp at der det bur folk, dit blir det levert post. Dei spør ikke kvifor vi bur der, Posten er verdinøytral som prøyssisk forvalting. Landpostruta er til for oss som bur for langt ifrå ferjestaden til å kunne hente posten vår sjølve.(...)

Eg kan følgje landpostbodet med kikkerten når han legg ut frå ferjestaden med den vesle postbåten sin. (...) I ryggsekken med posthornet har han vekegamle lokalaviser til dei tre gardane i grenda, Norsk Misjonstidende og For fattig og rik til lesarfamilien i grenda, Norsk Ukeblad og Alle kvinner til den frilynte grannen, Arbeidermagasinet og Aktuell til familien som stemmer Arbeiderpartiet, og Syn og Segn til dei alle. Elles straumrekningar, varsel om skuleinnskriving til den vesle jenta, sesjonsinnkalling til den halvvaksne guten, årsmøteinnkalling til historielaget, sau- og geiteavlslaget og hageselskapet, partinytt frå Kristeleg Folkeparti og Det norske Arbeiderparti, og ikkje å gløyme, alderstrygd til dei to ugifte systrene - alt som høyrer med for å gjera ei norsk grend til det som blir kalla Noreg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tore HalsaAleksanderToveAnniken RøilBeathe SolbergDemeterElin FjellheimPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen NTorill RevheimAndreas HesselbergPiippokattaLene AndresenIreneleserEli HagelundReadninggirl30Kirsten LundEvaTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger Martinsengretemor