Frø

Flaum, flaum er livet,
og vi er frø,
frø i ei vårelvs vald.
-Kvar er vår mold?

Like ned til vår straumveg
stig skog og enger.
Vi óg skal bli
til skog og enger ein dag
-er det her?
Men støtt går straumen forbi.

Vår elv skal ut til havet.
Men vi er frø.

Flaumen glitrar og syng om leiken vår,
er vår vogge
og våre venger.
Ein er hans vilje:
alltid lenger, alltid lenger.
-Kvar er vår mold?

Godt sagt! (2) Varsle

Sist sett

FindusIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaKristin_LaddenTine SundalBenteKaren RamsvikToneDemeterHarald KAvaIngunn SReidun Anette AugustinsiljehusmorTanteMamieMarianne AugustaKjell F TislevollKirstenBjørn SturødAkima MontgomeryJulie StensethLailaLisbeth Marie UvaagJan-Olav SelforsLars MæhlumJakob SæthreElisabeth TostrupAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnn Helen EVegard BorgenPerSpelemannStine AskeHilde Merete GjessingTurid KjendlieBeathe SolbergStig TIngeborg GTor Arne DahlGjertrud Jacobsen