Ei følgje av å ha levd i Noreg i over førti år var at eg sørgjeleg hyppig var blitt trengd inn i eit hjørne der eg måtte drive og svare på spørsmålet Kven er du? Etter årevis med dårlege og famlande svar, og med sveittetokter og irritasjon over dette konstant tilbakevendande spørsmålet (det var alltid andre som pressa dette spørsmålet på meg- det var ikkje noka form for essensialistisk vilje til sjølvransaking), hadde eg byrja å ro meg i land med den ærlege opplysninga om at Eg er ein person som heile livet har hengt fast i fikse idear. Det er min essens hadde eg bestemt meg for. Når tautologien Eg er bare meg sjøl eller Eg prøver bare så godt eg kan å vere meg sjølv rann uhindra ut av munnane på folk rundt meg, knepte eg att min eigen munn, knurra lågt og tenkte: Spør dei meg no om kven eg er, så har eg heldigvis eit ganske klart og ærleg svar på lager. Eg er ein person som heng fast i fikse idear.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Helge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarte