Vinden har so mykje å fortelja i vår

Vinden ha so
mykje
å fortelja

i vår, eg har ikkje
høyrt han
på mange år,

han gustar
og pustar
i nakne tre;

vil de livna til
og verta grøne!
Tek so i mønet;

vil, vil de
vakna til!
So er han

i trei att,
skjek dei,
tek dei

med stride kast
og det kvast!
Tuskar

um nævene
nuskar
i fjorgamalt lauv

og føykjer
ein skruvl
av det burt -

det er turt no,
turt -

gjer so ei spøne
yver flaten
so det ryk,

kjem att, set på seg
ein svart gamal hatt
og stryk -

Kom att!
Kom att!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

CarolineRandiAGroKirsten LundEmil ChristiansenLeseaaseHilde H HelsethJulie StensethVanja SolemdalSynnøve H HoelEivind  VaksvikPiippokattaMorten JensenIngvild SGro-Anita RoenLilleviTone HKari ElisabethUltimeciaEvaalpakkaEli HagelundChristofferLisbeth Marie UvaagKarin BergGrete AastorpTrygve JakobsenAnne Berit GrønbechTanteMamieBirkaAlice NordliDemeterElinBeAnn ChristinIngunn SCamillaKine Selbekk OttersenEllen E. MartolHilde Merete Gjessingellinoronille