Nesten ingen ting

Utgangsporten i sikte.
Da samlar ein saman
det ein vil ha hos seg
så lenge ein er på denne sida.

Sorterer ut.
Streng sortering.
Likevel så mykje
som er verdt å halda fast på?

Det. Og det. Og det.
Kva som er mest verdt
veit eg ikkje,
og kva tyder vel mål og vekt?

Men no i solefallet
i dette tunet der eg har trødd i seksti somrar
blir hjartet fullt av takk og pris
for noko som er nesten ingen ting.

Kvitkløveren som myldrar
rundt skolt tett ved rund skolt
rundt steinane og i vegkanten
og lar sin søte, blyge pust
så vidt merkast i den lufta ein andar inn.

Og linerla. Vipestjert i soloballett på rekordraske bein
fram og tilbake, hit og dit.
Alltid berre ei.
Skulle tru det var den same
gjennom alle dei seksti somrane.

Kvitkløveren. Linerla.
Så smått. Så stillferdig.
Ja. Og så dyrbart.
Nesten nok, berre dette, i kveld

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ChristofferTor-Arne JensenMads Leonard HolvikElisabeth SveeBenteHarald KMarianne MJulie StensethReadninggirl30Kjell F TislevollTherese HolmJosteinKirsten LundPiippokattaIreneleserTanteMamieGunillaTone Maria JonassenCathrine BoreLisbeth Marie UvaagCathrine PedersenBjørg  FrøysaaJan Arne NygaardHeidi LSunniva83Akima MontgomeryHanne MidtsundEivind  VaksvikJørgen NKaramasov11Frode Øglænd  MalminNinaalpakkaBeathe SolbergFrode TangenAvakntschjrldTrude JensenFriskusenStig T