Heile verda hadde same språk og same ord. 2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

(1 Mos 11, 1-9)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hallgrim BarlaupTanteMamieHanne Kvernmo RyeEirik RøkkumNeraEgil StangelandMargrethe  HaugenElisabeth SveeIreneleserHeddaMNicolai Alexander StyveToveLars MæhlumBeathe SolbergTine SundalKirsten LundAnne Beth Amdal VoldOleTherese HolmHarald KGrete AastorpBerit B LieINA TORNESRufsetufsaKristin71Morten MüllerHilde H HelsethBenedikteJulie StensethPiippokattasiljehusmorChristofferMaikenKristine LouiseAnya Bauer HartmarkWencheOdd HebækAkima MontgomeryHeidi BBIngvild S