Drep meg drep meg la meg ikkje krepere av ingenting la meg ikkje døy utan at nokon rører ved meg som vatn gjennom ei sluse la meg ikkje slokne på grunn av ingenting eg er ikkje ingenting eg fortener at du drep meg at du stikk meg i ryggen at du kveler meg at du myrdar meg men ikkje å døy utan vidare utan noko i ryggen utan noko i tillegg utan noko som stansar meg idet eg tek sats eg vil ikkje gi meg for ingenting drep meg eg vil at du skal drepe meg at du skal myrde meg eg har inga makt over min eigen død eg vil ikkje døy av døying eg er verd å drepe eg er eit sprang som ikkje stansar som ikkje kjem til å stanse med mindre du drep meg idet eg tek sats kampen min er eit mord verdig eg er ein krigar drep meg så eg kan få forsvare meg og sjå deg i auga sjå deg du gut som kjem til å ha overtaket eg skal forsvare meg eg skal tape eg skal bli drepen av deg som kjem til å drepe meg av din eigen grunn fordi eg er ein tapper kjempande i eit overflødig sprang drep meg idet eg tek sats eg har eit håp om å bli overflødig at det skulle bli nødvendig å la meg gå under å bli drepen stikk meg ned før verken ingenting eller ingen drep meg før du ser meg døy av uttørking av å framleis vere levande for ingenting ta livet mitt som eg elskar som ein tapper mann la meg ikkje tørke ut etterlaten som om eg var ingenting i denne augneblinken der ingen mordar myrdar meg der ikkje ei sjel kveler meg der ingen gut stikk meg i ryggen medan eg tappert kjempar eg vil ikkje at det skal vere ingenting eg skulle døy av at eg skal døy utan grunn at eg skulle døy av tomheit.