Saman med foreldra flyttar Lea til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya. Ho møter naboguten Jonas, og dei utviklar ein venskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om.