Under kvinneklinikken ligg kyrkjegarden. Han kan skimte gravstøtta til bestefaren der nede. Støtta ragar kvit og stolt i solskinet.
Akkurat slik bestefaren var. Skyssbårføraren.

Han frakta folk over fjorden: prestar, legar, jordmødrer, brudepar, jødar på flukt. Han frakta smuglarsprit, kjærleiksbrev og jordbærplanter. Han kjempa seg gjennom bølgjene og kom ut igjen full av gode historier.

Framleis er dei brent inn i han, dei septembervekene bestefaren delte seng med døden. Kritkvit i håret låg han inne i vinterstua med fiskerimeldinga skrudd opp på fullt. Dei trøytte augebryna hang ned over pupillar som ein gong kunne fange glimt frå silda.

Han låg der i alt det kvite og løyste båten frå fortøyninga ein siste gong. Starta opp motoren og gjorde klar snøra. Han tok ut kursen, førte handa til skipperlua og segla bort med den same stolte mina.
Fra novellesamlinga Langdistansesvømmar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Odd HebækAnniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethKirsten LundChristoffer SmedaasKaren PatriciaBertyFlettiettesiljehusmorSigrid Blytt TøsdalLailaHarald KDemeterIngvild SBeathe SolbergRisRosOgKlagingLars Johann MiljeTrude JensenAnneWangTine SundalIngunnEileen BørresenVigdis VoldBerit B LieAnn ChristinStine SevilhaugErlend Rødal VikhagenIngunn STralteTheaTerje MathisenRune U. FurbergEgil StangelandCarine OlsrødDressmyshelfLisbeth Marie UvaagIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokatta