Alt det eg før fann meiningslaust og støytande, såg eg på som djupe løyndomar no etter eg hadde høyrt rimelige forklåringar på så mykje i Skrifta. Og det syntest meg at me so mykje meir burde bøya oss i vyrdnad og heilag tru for autoriteten hennar, av di ho både er tilgjengeleg for alle som les henne, og på same tid gøymar djup av løyndomar som fyrst openberrer seg for vårt indre syn. Med ord som kvar og ein kan skjøna og med ei einfelt fremstelling vender ho seg til alle menneske, og endå lyt dei djupaste tenkjarar bruka all sin gløggskap når dei granskar henne. Soleis tek ho imot alle i sin vide famn....