De omkring oss hører ofte at vi roper om hjelp, samtidig som stoltheten vår hindrer dem i å hjelpe oss. Ingen har skildret dette bedre enn Halldis Moren Vesaas i diktet «Draum»:
Det ropte frå sjøen om hjelp hjelp.
Ei røyst som eg kjende: di
Eg skunda meg nedtil, sprang sprang,
fekk båten i hast gjort fri.
Skauv ifrå land, greip årene,
sette meg ned for å ro,
men kom ingen veg. Makteslaust
mot vassflata årene slo.
Kom ikkje nedi. Fekk ikkje tak.
Vatnet var stivna som bly.
Og langt uti mørkret di røyst
som ropte og ropte på ny.
Med årene sat eg og slo slo
mot dette som ikkje brast,
slo og visste: du ropte om hjelp,
men du heldt òg båten fast.