Vi delte denne sommaren ved kanten av sjøen, vi var bobler av kolsyre på veg opp mot skyene, du alltid ein halv meter lenger framme enn eg, og eg alltid på randa av å sprekke kvar gong skolissene våre flaut saman i vasskorpa og kveldane kom ramlande ned rundt båla, ein etter ein, og rugga svakt mot kvarandre i takt med flammane.