-Vaksne gjer mykje dumt, Tonje, det skulle jammen eg vite, her eg sit og er full ein tysdag føremiddag. Han ristar på hovudet over seg sjøl. -Men det er ein viktig ting: Han snur seg mot henne. -Det er aldri barna sin feil. Nils bankar fingeren ned i kneet på Tonje då han seier det, som om han vil stemple orda inn i henne: Det -er -aldri -barna -sin -feil. -Kva er det som aldri er barna sin feil? spør Tonje andelaust. -Alt. Alt det galne vaksne gjer. Nils er heilt skråsikker i stemma.