Mokkabønner er godt. Stafett er stafett. Cup er cup. Vatn utvidar seg når det frys. Alle vegar fører til Rom. Herrens vegar er uransakelege. Kunstens veg er tornefull. Sterk-Ola Bakken var ein kåt faen. Hadde han levd i dag, hadde han blitt bura inne. Fåfengt fell ikkje lauvet lell. Det var fakta alt i hop. Eg trong fakta. Noko sikkert å halda meg fast i. Armholene mine var kliss våte. Det lukta stramt.