Nora Skogen var namnet hennar. Etternamnet høyrde meir heime her i bygda enn i ein by, tenkte Nils for seg sjølv. Og fornamnet var som henta frå eit Ibsendrama. Det sa han også, første kvelden dei var saman. “Har foreldra dine forlese seg på Ibsen,” sa han, så ho skulle forstå at sjølv om han var bonde, så kjende han klassikarane.