Essayet har som kjent det til felles med skjønnlitteraturen i eigentleg forstand at det blir rekna som ein subjektiv, ein personleg sjanger. Ein gjer som far Montaigne, luntar litt rundt på eselet sitt, observerer og funderer, lar tankane gjere dei sprang dei vil, og veit ikkje heilt kor ein endar opp. Ein på sett og vis ansvarslaus sjanger.
(Ragnar Hovland)