Dinæst må me ha klårt for oss: Kva er "kultur"? Kva tyder det språkleg? Kva tyder det i vanleg tale? Og kva tyder det når me verdset umgripet "kultur" rett? Ordet tyder "dyrking", "odling"; både "det å dyrka" og "det som er uppdyrka"; fyrst og fremst tyder det "den ved arv og arbeid odla menneskjelege åndskrafta". Alt det ytre er kulturmerke, kultur-resultat, som let seg atterreisa so sant den odla åndskrafta held seg ved lag. Ein "kulturmann" tyder soleis på ingen måte ein mann som har bil og mange pengar, eller lang skuleutdaning; ein "kulturmann" er ein mann som gjenom arv og arbeid eig ein høg åndeleg standard. Han kann vera bonde, fiskar, snikkar eller rein åndsarbeidar; dei ytre kulturresultat han skaper i og med livet sitt, fortel um denne hans kultur-standard. Mannen med bil og pengar kann vel ha ein høg kulturstandard; men gartnaren hans, vaskarkona hans, den fatige far hans kann mykje vel stå langt over honom i sann kultur.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Stine SevilhaugLinda NyrudSolveiganniken sandvikAlexandra Maria Gressum-KemppiKirsten LundJarmo LarsennefertitiVibekeMarenHanneGodemineYvonne JohannesenKjerstiAgnesVariosaChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieTonje-Elisabeth StørkersenIngvild SHeidiBjørg Marit TinholtsomniferumStig TBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Linda RastenNorahLeseaaseBjørg L.Tine SundalVannflaskeHarald KHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud Husevåg