Vi hata henne [klasseforstanderen] intenst. Det vil seie, utan at eg forstod det den gongen, så var det nok ikkje henne vi hata, men den skolen vi assosierte henne med. For ikkje berre prøvde skolen å fylle hovuda våre med kunnskap som vi visste at vi aldri ville få bruk for, og ikkje berre vart vi lurt til å tru at vi var dumme og late når vi ikkje lærte det som lærarane sa at vi skulle lære, men i tillegg så vart vi fan meg fråtatt alle mulegheiter til å utvikle dei evnene vi trass alt hadde. Ingenting av det vi kunne eller visste, vart verdsett. Ta meg, for eksempel, da eg gjekk i åttande klasse kunne eg ha skrudd i stykke og sett saman igjen den gamle og alltid fuskande Datsunen til Anda [klasseforstanderen] på omtrent like lang tid som ho brukte på å få start, men likevel snakka og oppførte ho seg som om det var eg som var idioten av oss. Eller Bendik, han var jævla flink med hendene, men på skolen var han avspist med ein time sløyd i veka, og da satt han der som ein psykisk utviklingshemma og pussa på ei brødfjøl som det til og med var sløydlæraren som hadde skore ut, for saga fekk han jo ikke komme borti, den var farleg, ikke sant.

Så skolen var ein ni år lang krenkelse, det er det som er saka. Det var ei ni fuckings år lang audmjuking av oss som var meir praktisk enn teoretisk anlagt [...]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroRufsetufsaGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoannMorten JensenTor-Arne JensenIngvild SBjørg L.Barbro  KnudsenSynnøve H HoelHeidi HoltanHelge-Mikal HartvedtBerit B LieEileen BørresenHanneHelena EDaffy EnglundLeseberta_23Elin Fjellheimingar hTove Obrestad WøienMarianneNLesevimsaJulie StensethTone Maria JonassenTone HHanne Kvernmo Rye