Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Kystsamfunnet Flora har ei historie etter andre verdskrigen like vekslande som vestlandsvêret. Storm har avløyst stille, men mørke skyer har atter måtta vike for sola. Silda blei borte etter dei gylne åra 1948-57, men Ankerløkken bygde seg opp som det store industrilokomotivet i Sunnfjord. Skipsbyggingsindustrien sleit etter kvart i tung motvind, men oljealderen gjorde sitt inntog og skapte nye arbeidsplassar. Fiskarane blei færre, men det vart mange fleire av den tamme laksen som sumde omkring i merdar.
Historia om Flora bind 3 tek for seg perioden frå 1945 til 2017 og dei store endringane byen og omlandet har gått gjennom i denne perioden. Nye velferdstiltak og ny teknologi har sett sitt preg på dagleglivet i Flora, og renessansen for kystkulturen har skapt høgare kulturelt sjølvmedvit. Samtidig har strukturen i næringslivet gjort folket her meir utsette for økonomiske svingingar enn mange andre stader. Boka følgjer Florasamfunnet både i oppgangstider og på nedturar. Ho er rikt illustrert.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788282401265
EAN 9788282401265
Serie Historia om Flora (3)
Omtalt tid 1945-1999 2000-2009 2010-2019
Språk Nynorsk
Sider 293
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket