Langt borte - men likevel nær

utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962

av (forfatter) og Stryn kommune (utgiver).

Selja forlag 2004 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

ritaolines eksemplar av Langt borte - men likevel nær - utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962

Lesetilstand

Ønsker meg denne.

Hylle

Sogn og Fjordane

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Gjennom vel 100 år frå 1850 -1962 utvandra 2606 stryningar. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan gir boka ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. Vi får høyre om strabasiøse reisa over havet, og om korleis livet arta seg i det nye landet.

Omtale fra forlaget

Langt borte men likevel nær
Utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962

Våren 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 1870 og det strevsame, men rike livet som settlar i Crawford county, Wisconsin. Historia om Isak er spennande og gripande, og den forvitnelege livssoga hans kan godt vere lagnaden til tusenvis av andre emigrantar, både frå Stryn og andre stader.

Isak var ein av heile 2606 stryningar som utvandra gjennom vel hundre år. Dette tilsvarer meir enn halvdelen av folketalet i Stryn i år 1900. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan får vi ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. Vi får høyre om den strabasiøse reisa over havet, og om korleis livet arta seg i det nye landet.

For Isak var det eit dramatisk val å utvandre. Og for Stryn, som for dei fleste bygder, er det knapt noko historisk fenomen som har hatt så mykje å seie som folkevandringa over havet. Det er mest ikkje ein gard eller plass der det ikkje har utvandra folk ifrå. Og dei fleste stryningar har slekt "over there".

Boka er rikt illustrert med kring 170 gamle og nye foto, grafiske illustrasjonar og nyteikna kart.

Rasmus Sunde (f. 1944) er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er fødd i Vik i Sogn, oppvaksen i Jølster, med farsslekt frå Stryn, og busett i Balestrand. Sunde har hovudfag i historie, doktorgrad i migrasjonshistorie, og har skrive fleire bøker om emnet: "Ein stad skal ein vera. Utvandringa frå Vik i Sogn" (1989), "Long Prairie. Ei sognebygd i Amerika" (1994), "Ei utvandrarsoge frå Sogndal" (1994) og "Vikjer ved fjorden - vikjer på prærien" (2001).

English summary

Bokdetaljer

Forlag Selja forlag

Utgivelsesår 2004

Format Innbundet

ISBN13 9788291722436

EAN 9788291722436

Omtalt tid 1900-tallet 1800-tallet

Omtalt sted USA Sogn og Fjordane

Språk Nynorsk

Sider 240

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket