Krigsår

liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945

av (forfatter), Kjell-Ragnar Berge (forfatter) og Hermund Kleppa (forfatter).

Selja forlag 2005 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

ritaolines eksemplar av Krigsår - liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945

Lesetilstand

Ønsker meg denne.

Hylle

Sogn og Fjordane

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka gir ei samla framstilling av krigen i Sogn og Fjordane. Ho er inndelt i tre delar, der del ein gir eit oversyn over sentrale tema frå krigsåra. Del to inneheld eit kapittel for kvar kommune i fylket. Det meste av stoffet er skildringar av liv og lagnad til menneske som opplevde krigen. I tillegg gir kapitlene eit oversyn over minnesmerke, krigsgraver, falne og fangar. Del tre fortel om Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane, dei tyske soldatane som var her, og deire minnesmerke og falne. Har litteraturliste og personregister.

Omtale fra forlaget

KRIGSÅR. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Vi steinen reiste her, Til minne om di ferd. Den vitna kan, Om ungdoms fagre verk, Og tru so fast og sterk. Om kampen hard og tung, Som fridom vann. Dette verset, framført under avdukinga av minnesteinen over Per Faleide i Stryn, vitnar om ein av mange lagnader frå 2. verdskrigen - dei som døydde for fedrelandet. Det kom til få store krigshandlingar i Sogn og Fjordane i dei fem åra Noreg var okkupert, med unnatak av Måløy-raidet i desember 1941. Men krigen stakk djupt i folkesjela, og knapt nokon kom umerkte frå krigsåra. Dei som viste vågemot til å reise seg mot overmakta måtte betale dyrt. Anten med livet, eller med djupe arr og usynlege seinskader som aldri vart lækte. Denne boka er den første samla framstillinga av krigen i Sogn og Fjordane. Ho fortel om dramatikk og kvardagsliv i dei fem krigsåra. Slik levde dei. Slik opplevde dei vonde år som vi vonar aldri meir kjem att - men som vi aldri må gløyme! "Krigsår" inneheld. - oversiktsartiklar om krigsåra i Sogn og Fjordane. - kring 125 artiklar om krigsåra, frå alle dei 26 kommunane i fylket. - omtale og bilete av alle falne frå fylket, samla 283 personar. - omtale av alle frå fylket som sat i tysk fangenskap, samla 540 personar. - omtale av alle krigsminnesmerke og alle krigsgraver. - artiklar om "den andre sida" under krigen. - personregister med kring 2000 namn. "Krigsår" har 480 sider og inneheld kring 950 illustrasjonar. Grethe Eithun (f. 1966) er forlagsredaktør i Selja Forlag. Ho har studert historie og vore journalist. Kjell-Ragnar Berge (f. 1957) er adjunkt og forfattar av "Fronten er kysten!" (1995) og ei rekkje artiklar om krigen i Sogn og Fjordane. Hermund Kleppa (f. 1941) er arkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bokdetaljer

Forlag Selja forlag

Utgivelsesår 2005

Format Innbundet

ISBN13 9788291722467

EAN 9788291722467

Omtalt tid 1939-1945

Omtalt sted Sogn og Fjordane

Språk Nynorsk

Sider 479

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket