2015
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Harald Seim (1882-1975) var ein viktig sunnfjordkunstnar, med ein stor og allsidig produksjon. Han var fødd på Seim i Nordhordland og kom til øya Kinn ytst i Sunnfjord som fjortenåring. Mange av dei mest kjende norske kunstmålarane på 1800-talet måla bilete frå Kinn. Dette kan ha inspirert Seim, som i ungdomen tok til å måle. Han var i 1909 ein av dei første elevane ved Statens Kunstakademi i Kristiania, med Christian Krohg som lærar. Seim debuterte på Høstutstillingen i 1912. Bileta hans av kystnatur og sjøfuglar vekte oppsikt på ei rad utstillingar i Bergen og Kristiania. I 1921 var han på studiereise til Paris.
Harald Seim var aktiv kunstmålar heile livet og laga fleire tusen oljemåleri og akvarellar. Han måla mykje i Florø og elles i Sunnfjord, i Sogn og i Nordfjord - då særleg i Ålfoten og Hyen. Dette er den første boka om denne særmerkte kunstnaren, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og kring 40 foto.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788282400831
EAN 9788282400831
Omtalt person Harald Seim
Språk Nynorsk
Sider 128
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket