Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Forlag Norsk bokreidingslag
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788278340295
EAN 9788278340295
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSom barn levde vi i underet
og det i oss -
Det høyrde med i våre dagar.
Som ung venta vi underet
kvar dag på neste hyrne.
Sidan klengjer vi oss
til ein tunn tråd av von
[...]
Som gamal ventar vi ikkje underet lenger.
No ventar underet oss.
Eg vil gå til natta
bortom grensene.
Den som er i svart hav
og sløkte ljos,
og eg skal gli blind inn
i hennar famn.
Eg vil søkja svevnen,
den som er utan draumar,
og slik som eg legg mine klede
att på sandstranda ein sumardag,
skal eg stiga over min lekam
og gløyma han.
Eg vil søkkja i natta,
og alt som er i og utanom meg
skal kverva bort
som eit andepust over havet.
Eg vil gå til natta
bortom grensene
og gjeva henne mine bører,
og flodbølgja skal bera dei bort med seg.
Men slik som ljoset
løyser seg frå mørkret
og land ifrå hav,
skal eg løysa meg frå dette havet
som er natta.
Eg skal stiga opp av bølgjene,
og svevnen skal perla av meg som skum,
og eg skal vandra mot aust
mot solrenninga,
og finna meg sjølv att på stranda
der dagen fjørar.
(Åslaug Låstad Lygre: Eg vil gå til natta)
Ho steig ein dag or døkke æveeimen
og leita seg eit rom i denne heimen,
og fredlaus vildrar ho ei lita tid
og leitar fåfengt etter ljos og lukka,
men tidt i lengt og liding ho må sukka
og ynskja denne tida var forbi.
Og i mot kveld ho stig på lette vengja
då ingenting kan møta eller stengja,
- Att ligg ein lakam, som ei slokna glo.
Ho stig mot himmelbogar i frå kvervelstup,
mot blåe høgder i frå svarte djup.
Ut i den store stilla søkjer ho.
(Åslaug Låstad Lygre: Sjela)
døkk adj døkt, døkke (norr døkkr; jf III dokk) noko mørk; dim; uklar, matt d- himmel