BD = Bandes dessinés = Teikneseriar på fransk. Nokre på engelsk og kanskje på norsk etterkvart. Er langt frå ekspert på franske teikneseriar, men har passert stadiet med Viggo, Obelix og Tintin. Det er to delar av fransk kultur som er verdsleiande: Gastronomi og teikneseriar! Teikneseriar er rett og slett ein god grunn til å læra seg fransk. Har prøvd å få biblioteket til å ta inn teikneseriar på fransk, men utan å lukkast så langt. Tippar at det er fleire franskspråklege innvandrarar som vil ha interesse av det.
Like revolusjonerande om det revolusjonære Iran som eit mullah-løft.
Etter å ha lest denne så er det ingen grunn til å frykta tilværet som pensjonist. Om ein enkjemann som opplever "sex, drugs and rock'n roll".
Klassisk fransk teikneserie om livet i forstaden. Fant ingen av dei i bokhylla mi, skal ha minst eit album.
Hardbarka og spennande krim! Hugs å kjøpa to og to album, fordi ei historie startar i oddetals nr og sluttar i partalsnr.