Illustrerte barnebøker for 4-6 år. Nokre på fransk og engelsk.
Moderne ABC med alt om fjellet! Fantastisk! Fortener å bli oversett til norsk, men ikkje ei lett oppgåve. Artige forkortingar under D og P (originalbetydninga er ikkje skulepensum): DAHU = Drôle d'appareil hyper utile PGHM = Peloton des grignoteurs de haute montagne
Flott eventyr frå Kina. Er nok for dei litt eldre.
Gry Moursund sine illustrasjonar er flotte og særprega. "Arkimedes og brødskiva" er vel på veg til å bli ein norsk klassikar, men den har ikkje August.
Katt som (truleg) har bein i snabelen og definitivt er tung på labben. Utfordrande for ungane sidan det dei les/høyrer ikkje stemmer med illustrasjonane. Katten er ein elefant!
Klassikar.
Mykje godt på nynorsk!
Klassikar. Men når ikkje opp til Finn Arve Sørbø på Barne-TV.
Ellevilt om krokodille som er seint ute. Moral: Stå på, så når du festen!
Kjøpt på fransk loppemarked. Søt bok om gravemaskin som arva grabben til mamma og belta til pappa.
Gøy på ferie, sikkert også på hytta. Det er eit spel midt i boka, og avhengig av om ein startar frå den eine eller den andre sida så er Max eller Margot hovudpersonen. Originaltittel: Marlon's mean machine
Eit praktverk i dragesjangeren! Ein stor sjanger i Frankrike, har ikkje sett slike bøker i Noreg.
Bok utan tekst!