Få kan skrive om vanlege folk, om småkårsfolk, som Ingvald Svinsaas. Eg var heime hos han ein gong da eg budde i Trøndelag. Ein likandes kar!
Debutromanen frå 1945. Ikkje rart at Svinsaas fekk pris for denne boka - om det å vokse opp i eit sterkt klassedelt samfunn, om å bli moden gjennom klassekamp og vaknande kjærleik. Eg er litt stolt, ja, over å ha fått namnetrekket til forfattaren i boka ...
Gode minne om høgtlesing frå denne barneboka for fleire generasjonar. Spennvidda i forfattarskapen var stor, men grunntonen den same.
Om samhald i eit bygdesamfunn, om solidaritet, om å vere medmenneske.