Lista over bøker som eg har av Øivind Bolstad i samlinga er ikkje komplett, men eg har med hovudverka. Forfattarskapen er ujamn, men der toppane er høge, og det dirrar av kampvilje - og gripande skildringar av folk med det som hos Torborg Nedreaas blir karakterisert som "de varme hendene".
Så rart - at Den røde begonia ein skjertorsdag morgon i 2012 er fråverande i hyllene til over 17 000 bokelskarar. I 1947 kalla Johan Borgen denne romanen, om behandlinga av tuberkuløse i etterkrigstidas Noreg, for "en hjørnestein i nyere norsk romanlitteratur". Han handlar om vanlege menneske, fiktive, men kontkeksten er reell: Samfunnet blir ei stemor for dei, særlege frå den mest aktive delen av motstandsrørsla, som var offer for folkesjukdommen da han blussa opp att. Tittelen er optimistisk og symbolks, namnet på eit kollektiv og ein draum om eit betre samfunn. Ei bok som gjekk rett inn i ein politisk debatt - eller kanskje heller mangelen på debatt og oppgjer - og som samtidig peikar ut over samtida si.
Profitøren var fyrst skriven som skodespel, i 1939. Det som seinare, etter krigen, vart omskrive til roman, var forbausande klarsynt: Det handla om økonomisk landssvik, og historia skulel vise at Bolstad hadde rett. Men einsidig er han ikkje: Folk er ikkje her gode eller vonde; vi ser tydeleg korleis personane, på godt og på vondt, blir forma av samfunnet dei lever i. Vi møter profitøren og motstandsrørsla, i ei verdig oppfølging av Nordahl Griegs Vår ære og vår makt.
På omslaget av Fortellinger og fabler siterer Bolstads forlag, Ny Dag, Edvard Beyer, som m.a. seier: "Karakteristisk for hans beste fortellinger er dramatisk handling, ekte miljøfarge, levende replikk." For slik er det. Interessant at denne forfattaren, som så bitande og hardt kan ramme sjølve det sosioøkonomiske grunnlaget for samfunnet vårt, også kan vere poetisk og fabulerande!
Dødens tango innleier Bolstads serie om den borgarlege familien,fem romanar i alt. Varierande, men oppsiktsvekkjande: Eit modernistisk prosjekt, forfatta i Bergen i siste halvdelen av 1960-åra. Forfattaren spenger grenser der han lyt avbryte forteljinga med eit brev til lesaren: "Kjære leser! Jeg er nødt til å begå brudd på komposisjonen. De bør vite hvorfor jeg har lagt romanen i dette leiet."
Siste boka i serien.
Fornøyelege historier frå Bergen, med slvor og klasseperspektiv.
Vær ikke redd ungdommen er Øivind Bolstads einaste diktsamling, skriven da han gjekk mot dei sytti. Typisk nok seier tittelen alt om livsinnstillinga hans - her er kampkraft, skapartrong og optimisme.
Ein av Bolstads svakare, dette - på mange måtar, ja, men også eit sviande angrep, for å bruke ein klisjé, på dei kreftene som tener på å gjere unge menneske stoffavhengige. Ikkje mindre aktuell i 2012 enn i 1977.
Ein sterk og personleg roman om det som tittelen seier: Om å kjempe for livet - og vinne. Skriven med ein eldre manns ungdommelege livskraft.