Bøker i samlinga med litteratur frå fleire franskspråklege land.
Eg har det med å raske med meg bøker der dei er til sals for ein billeg penge - ja, ikkje berre billeg, dessverre, men denne her var vel nesten gratis. Mykje god fransk litteratur her, litt kjent og ein del ukjent.
Eigentleg ei lærebok der Svein Johansen er den eine halvparten av forfattarduoen - eg har hatt mykje fagleg moro i lag med Svein. Men ei god lærebok er ei bok med mykje skjønnlitteratur, og det har denne her!
Også dette ei lærebok med ein del skjønnlitteratur. Bien!
Oppgåvebok, dette her.
Min gode venn Egil Eiene har gitt ut ei samling med noveller frå fransktalande land. Det er gjennom slike tekster at ein lærer språk!
Og her er det gloser.
Lektor og trubadur Ørnulf Kleven gav meg dette heftet me ddedikasjon; det var den tida vi brukte kassettar. Ørnulf var eit flott tillegg til franskopplæringa med gamle og nye songar.