Bøker i samlinga med tekster frå fleire land i den engelskspråklege verda
Læreboka mi i engelsk på engelsklinja, i fyrste klasse - 1969-1970 (dessverre hadde eg ikkje betre vett enn at eg selde bind 2 og 3): Her las vi tekster av Dickens, Wilde, Hawthorne, Twain, Steinbeck. Maugham og Burns. Og vi las om Magna Carta, Sir Francis Drake, "Mayflower", London og "The English and their Country". Ballast i livet!
Eg har denne læreboa med dedikasjon frå Karin Kals. Så godt! Skjønt lærebok - slike bøker har for meg størst verdi som antologiar med god litteratur ...
Mykje arbeid å kommentere lærestoffet og skrive inn løysingsframlegg til oppgåvene. I dag, femten år etter, ligg slikt føre digitalt ...
Dette var den fyrste læreboka som eg laga, full av stoff frå den store USA-reisa i 1994. Eit miljø som eg kjente, dette med mekaniske fag, som det heitte den gongen; eg ville gi ei positiv holdning til engelsk i dette miljøet: "Good <Morning, America," heiter det hos Carl Sandburg - "And we, us, the people," skriv han om ... Så målet var å integrere stoff om USA og stoff om mekaniske fag, både her og over dammen.
Elles er ikkje eg den rette til å vurdere mine eigne verk. Litt hjelp hadde eg av Knut Kristian Tronsen; han hadde dilla på Route 66 og basrball og James Dean.
Også dette eit verk av Gulbrandsen og Tronsen, eit forsøk på å kople elektrofag til det beste i amerikansk kultur.
Og så: trarbeidsfag og byggfag. Eksperten her var Greg Daniels, amerikansk tømrar.
Ei varm bok, dette, håper eg, med Jeanne Eirheim som fagansvarleg for hotell- og næringsmiddelfag og naturbruk.
Varme her òg: Josephine Stenersen skreiv om formgivingsfaga i eit amerikansk perspektiv ...
Også lydstoffet kom på plass, med dyktige opplesarar og redaktørar.
etter Good Morning, America-bøkene stod Good Morning Britain for tur. Her var bidragamine litt færre; eg konsentrerete meg om geografi, eldre og nyare historie og litt skjønnlitteratur. Josephine Stenersen var eit oppkomme for resten av fellesstoffet, og Jorunn Berntzen ordna det mekansiske stoffet.
Knut Kristian Tronsen skreiv om elektrofag.