2014
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2014
Format Heftet
ISBN13 9788205462960
EAN 9788205462960
Språk Nynorsk
Sider 73
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketUtan å seie noko
begynner eg å pakke
tinga dine. Du ser på meg
frå senga: Eg kan tenkje eg er vakker,
no som eg er ingens.
Du spør ikkje.
Vi er bestandig så like, eg og du.
Frykta for å opphøyre, det eg såg
i forbifarten
får meg til å dokumentere
skrive ned, fotografere, skissere
stå framfor spegelen
leite etter
det i meg
som er tapt.
Menneska i byen min
er berre andlet og kroppar
eg ein dag skal forlate.
Planlegg, tenkjer ustanseleg på
reisene eg skal ta, landa eg skal bu i:
Språka eg skal snakke, personane
eg skal bli, liva
eg skal leve.
Stoppar opp ved alle speglar og flater,
eg må vite om
eg framleis eksisterer.
er eg ein person, eit
menneske.
Eg sjekkar om igjen og om igjen.
Legen ser ikkje på meg da han seier
at det ikkje er meir han kan
gjere, han kan ikkje hjelpe meg.
I posten sender han ei tilvising
til ein psykologspesialist,
einsemda har slått ut
på alle blodprøvane,
det finst ikkje håp.
Ei rivne i andletet
ditt, eg veit ho er der
utan å sjå.
Vi sit i bilen, stive.
vi veit at
snart skal eg opne døra og gå
opp og ned fire etasjar
med øskjene eg pakka medan du
lét som du ikkje såg.
Snart skal eg fylle bilen med
restane av ho som elska
Det er umogleg
å vere oss: Eg går
i denne trappa for siste gong, står
på det nedre trinnet og er
ei du ikkje veit kven er.
Eg er vert for
endelause rekkjer av skam og skuld. La oss
skjere svolten ut av andletet mitt,
dra han vekk
frå auga, lyfte han av
akslene, e k s p o n e r e
einsemda som har arbeidd lenge.
Skjer ut heile kroppen, eg gir vekk alt.
Det er ein bra ting,
nummenheit er utan næring.
Det er natt, nesten morgon,
dette er i ei rekkje av mange
der eg flyttar ut
av soverommet. Eg er på innsida av
sjukdommen. Menneska i byen
er stengde, ville eg kjenne nokon.
Eg går sjeldnare ut, det er berre eg
som merkar at eg rotnar.
Eg hadde ikkje tolt det
om du tenkte på andre, seier du.
Du ligg ved sida av meg i senga og
verkar så langt vekke. Vi er som barn
i dette rommet, vi vil
ha eit svar, eit som held.
Gatene og brusteinen, dei små trehusa,
eg stoppar opp og ser inn i
nokon si stue, inn i
refleksjonen av nokon utydeleg.
Eg hugsar det tok år
før eg gjekk meg vill i denne byen: Eg gjekk
alltid den same vegen heim, gjekk aldri
ut av meg sjølv.