Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ei bok for heile folket og for statsministeren
Denne Statsminister-boka er ei bok for deg! Det er ei samling enkle, men ulike dikt
som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Om ein som likar å styre landet, som
likar å vere sint, å krangle og slåst, men som også er glad i kjøtkaker og sild. Det er ein
statsminister som liknar på oss alle, store som små. Denne Statsminister-boka er
tenkt som ei biletbok, men har enno ingen illustrasjonar. Difor har boka god plass for
deg til å teikne og fargeleggje. Her kan du sjølv bestemme korleis statsministeren
og alt anna skal sjå ut! Til slutt i boka har forfattaren skrive eit etterord som viser kor
lang tid det kan ta frå levering av manuskript til utgiving av bok: 45 år! Det er ein
statsminister verdig.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format Heftet
ISBN13 9788252185195
EAN 9788252185195
Genre Humor
Språk Nynorsk
Sider 46
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketStatsministeren
Statsministeren liknar på deg
og på meg
og på alle andre statsministrar:
Han likar å styre landet.
Han likar å vere sint
og å krangle
og slåst.
Han likar kalde kjøtkaker,
og han er glad i sild.
Fødselsdagsselskap har han
og flass
og hus som det kan flyge fly over
og katt ved namn Paulus Olsen.
Han har ikkje tid til å kjøpe seg sko i skobutikk.
Ikkje er han statsminister
for blåklokker heller.
Og ikkje er han godvenn med bispen.
Ofte ser han ut vindauga
og tar fullstendig feil.