Kunsten å komme heim og andre essay

av (forfatter).

Samlaget 2011 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.78 (9 terningkast.)

75 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Harald Ks eksemplar av Kunsten å komme heim og andre essay

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Fakta

Lesedato

2019

Favoritt

Favoritt!

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka inneheld essay som handlar om bøker og reiser. Dei gier innblikk i klassikarar av Charles Dickens, Tove Jansson, P.G. Wodehouse m.fl., samt tekstar av norske forfattarar som Arild Nyquist, Rolf Sagen, Olav Duun og Cecilie Løveid.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788252177664

EAN 9788252177664

Språk Nynorsk

Sider 253

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 5 3 0 0 0

Bokomtaler

Riktig ei bok for leseløver. Her kjem perlene på rekke og rad; mest om bøker og forfattarar - og litt om andre emne som ferjer og prestegardar. Hovland har ein vittig, men entusiastisk og lun skrivestil som går rett heim hos meg som lesar. Det hjelper sjølvsagt at Hovland er begeistra for mange av dei same bøkene som eg sjølv set pris på. Det gjeld ikkje minst barnebøker som Mark Twains Tom Sawyer og Stuart Mus av E.B. White. Hovland syner òg dei vaksne kan ha stort utbyte av å lese dei og andre klassikarar på ny.

Hovland er òg god på samtidslitteratur av forfattarar litt eldre enn han sjølv, gjerne dei som jonglerer med språket og skriv i den meir fabulerande sjangeren som mellom andre Tor Åge Bringsværd og Rolf Sagen. Han er òg ein god vegvisar til amerikanske og franske forfattarar frå 1950-talet og utover.

Dei store forfattarane frå tidlegare generasjonar er Hovland ikkje fullt så interessert i. Johan Borgen vert avspist med omtale av ei lita sumarbok frå 1947; berre Duun får respektfull omtale. Dei korte tekstane om hans eige forfattarskap fortel at den lette skrivestilen nok er hardt tilkjempa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det var ved denne boken jeg "oppdaget" forfatteren, og først nå er den lest. Skuffet ikke - tvert imot. Har notert meg flere forfattere/bøker av de han skriver om som jeg skal lese- allerede lest en av dem og flere hentet jeg på biblioteket i går. I tillegg er her mange fine tekster, ikke minst om å reise - f eks det å komme hjem. Den femte boken jeg leser av forfatteren. Link til et blogginnlegg jeg skrev etter å ha lest den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Å reise åleine kan ha mykje for seg. Det same kan det å reise saman med nokon, om det då ikkje blir ei heil gruppe, som er sterkt å frårå. Det maksimale bør nok vere tre stykke, og to er vel så bra. Det kjem litt an på kven den eine er.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ein treng berre sei ordet for at ein sann vestlending skal få ei lita tåre i auget. Ferjer. For dette er eitt av dei magiske orda. Eitt av dei som er med på å gjere oss til vestlendingar. Vi har noko fint, tenkjer vi. Noko som dei andre ikkje har. Vi kallar det ferjer. Og mens dei smeller opp stadig nye bruer og trekker stadig fleire ferjer ut av trafikk, så blir dette stadig viktigare for oss. Dei må ikkje ta ferjene ifrå oss! Kva har vi då igjen? Sjølv om vi både tidt og ofte har forbanna ferjene og alt deira vese, når vi akkurat har mist siste ferja ein sein haustkveld, når vi kjem sist i køen og bilen framfor oss er den siste som kjem med når ferja er eit kvarter forseinka og polet akkurat er stengt når vi kjem fram.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg veit ikkje om det er så sunt, akkurat, å lese over 400 tettpalla sider med lyrikk i ein jafs, det gjer rare ting med hjernen din, den blir invadert av draugar og stormar og forlis, av bleike barn, av djevlar og huldrer, hestar og lik og voldsomme slagsmål i fylla, og eg veit ikkje om eg nokon gong heilt kjem til å bli meg sjølv att, men eg har iallfall gjort det, og eg kan stå fram med løfta hovud og seie at eg no har lese alle dikta til Sande som er samla mellom to permar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg kjem frå fiksjonens land, eit land det ofte er godt å vere i.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er så mange bøker der ute, og begynner ein først å tenkje etter kor mange bøker det eigentleg er, og som ein aldri får sjansen til å lese, så begynner det lett å svimle for ein.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nemnast må vel også at eg har spelt (orgel) til gudsteneste i ei kyrkje for døve, noko som også må seiast å ha vore ei spesiell oppleving. Men også avslappande. Eg sat der overtydd om at ingen av dei døve ville kome til meg etterpå og klage på spelinga mi.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ved sida av sex, pengar, fotball og popmusikk er nok reisene det viktigaste.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette kan eg trygt seie no, etter tretti år og endå fleire bøker, at livet og litteraturen går vidare, det er så frykteleg mange bøker der ute, og alle fortener ikkje å bli lesne, men mange av dei gjer det, og om dei ikkje har nokon avgjerande innflytelse på livet, så kan dei likevel gjere noko med deg. Til dømes gi deg gleder du bør unne deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ironikaren er i sitt vesen uangripeleg, og ironi fungerer best når den opnar for sin motsetnad, det som blir sagt rett ut, det som viser ei sårheit, noko som tyder på at ein vil gi litt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dylan Thomas er bortimot den optimale mytiske forfattar. Han skreiv tekstar som blir hugsa, han var stor i kjeften, han gjorde mykje av seg, og han drakk mykje. Betre kan det på ein måte ikkje bli.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Har begynt å legge merke til alle bøker med ordene "kunsten å ..." i tittelen og har oppdaget at det er forbløffende mange av dem, så derfor samler jeg dem i ei lita lista! Bare på gøy. Mp også innrømme at jeg har til gode å lese de fleste av disse


Godt sagt! (6) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Åleine i Alpane - 20 bøker" av Ragnar Hovland
  • "Paradis ; Eline og Julie tar ferja : roman - roman" av Ragnar Hovland
  • "Ler dei no, så har eg vunne - møte med Ragnar Hovland" av Halvor Folgerø
  • "Verdt å vite (trur eg)" av Ragnar Hovland
  • "Eline og Julie tar ferja - roman" av Ragnar Hovland
  • "Finske dagar og netter - reiser i Finland" av Dag Helleve
  • "Herfra til virkeligheten - lesninger i 00-tallets litteratur" av Ane Farsethås
  • "Professor Moreaus løyndom" av Ragnar Hovland
  • "Norske gleder" av Ragnar Hovland
  • "Å reise og skrive - et essay om moderne reiselitteratur" av Arne Melberg
  • "Stiløvingar" av Raymond Queneau
  • "Hybrideleg sjølvgransking - essay" av Olaug Nilssen
Alle bokanbefalinger for dette verket