Søk i diskusjoner, lister og sitater:

Viser 1 til 1 av 1 treff på kannestøper.

No når det nærmar seg 8. mars skadar det ikkje å henta inspirasjon frå fortida - ovenikjøpet frå ein mann. Ludvig Holberg (1684-1754) var politisk stokk konservativ, men som så mange stokk konservative tenkte han friare og meir radikale tankar enn dei fleste i samtida. T.d. "Niels Klims forunderlige reise" som har mykje til felles med "Gullivers reiser", skrive av den pessimistiske irske teologen og tory-medlemmet Jonathan Swift. Bitande radikal satire i begge bøker, sprunge ut frå to konservative herremenn. I komedier som "Jeppe på bjerget" eller "Den politiske kannestøper" er satiren meir tvetydig - er det bonden og folket eller adelen og akademikaren som vert hengt ut?

Derimot går Holberg ganske rett på sak i diktet "Zille Hans Datter", som var inspirert av den bergenske lærde kvinnen Cille Gad, som eg har skrive ei bok om og har snakka om på fleire 8. mars-arrangement, også i år.

Her startar Zille friskt opp med å slå fast at

Paa Qvindfolk sætte ingen Priis,
Ja dem saa lidet skatte,
At de før aabne Paradiis
For Hunde og for Katte...

Men, spør ho, kvifor skulle ikkje ei kvinne like godt som ein mann bli både lege, advokat eller astronom:

Jeg tænkte: mon en Ingebor
Ey Doctor kunde være,
Ey rive Plaster af et Saar,
Ey døe methodisk lære?
Mon og en Lisken, Elsebed
En Marthe, Arianke
Ey kunde Uretfærdighed
Forsvare i en Skranke?
Mon og en Qvinde kunde ey
Astronomie studere,
Og os til Maanen bane Vey,
Som - og andre flere?

Eller kvifor kan ikkje ei kvinne styra eit land like godt som ein mann:

Man kunde bruge Qvinder
Om ikke kunde sættes Skat
Af Rentemesterinder?
Om vi ey kunde lære og
At bruge Stats-Intriguer?
Om ogsaa Machiavelli Bog
Ey skreven var for Piger?

"Zille Hans Datter" er ein lang tekst på rim, som altså fører sterke argument i marka for likestilling mellom kvinner og menn - skrive tre hundreår forut for si tid Ein tekst som ikkje fortener å gå i gløymeboka, aller minst nettopp i desse dagar. Finst på nettet, det er berre å leita den opp - og lesa. Og ikkje minst... særs veleigna til sitat.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundAgnete M. HafskjoldTine SundalBeathe SolbergTjommiLene MHilde H HelsethBjørg Marit TinholtConnieToveJakob SæthrealpakkaPär J ThorssonHarald KSynnøve H HoelFindusEllen E. MartolDaffy EnglundMonica CarlsenIngunnJKarin BergIngeborg GEli HagelundGrete AastorpAkima MontgomeryNora FjelliAnniken RøilAliceInsaneBård StøreHeidiMathildeRonnyKjell F TislevollIngunn SOleMarit HåverstadFriskusenIreneleserJørgen NTor-Arne Jensen