Søk i diskusjoner, lister og sitater:

Viser 41 til 50 av 1502 treff på dickens.

Du store all verda for ei bok. For ein som aldri har lest Dickens før (muligens med unntak av forenkla barne-versjonar av Oliver Twist og/eller David Copperfield) så var dette ei aha-oppleving. Må ha meir.

Doktor Alexandre Manette har vært fengsla utan lov og dom i Bastillen i 18 år, og har blitt mentalt forstyrra av opphaldet. Dattera Lucie har vakse opp i England, men reiser til Paris for å treffe faren, og tek han med attende til London. Lucie giftar seg med annan franskmann, Charles Darnay, som har budd i England i mange år. Så blir det revolusjon i Frankrike, og Darnay må reise til Paris for å ordne opp i nokre saker. Der blir det avslørt at han er av adeleg ætt, og han ligg såleis tynt an. Og dette er berre litt av historia.

Sjølve om historia, eller plottet om ein vil, er interessant nok, så er det ikkje dette som gjorde størst inntrykk. Nei, det som i første rekke gjer denne boka til ei oppleving ein ikkje gløymer så lett er dei levande og engasjerande miljøskildringane, og kanskje spesielt frå dei dramatiske hendingane før, under og etter revolusjonen. Her er Dickens nådelaus, han nøyer seg ikkje med å antyde kva som skjer, han gnir det inn, hamrar laus med slegge, køyrer på med full styrke inntil lesaren kjenner seg som ein oppvridd oppvaskklut. Makelaust.

Eg høyrde denne på lydbok frå loyalbooks. Utan tvil den beste opplesinga eg har kome over på denne nettstaden, stemma stod perfekt til handlinga i boka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Etter å ha hatt ei kjempeoppleving med A Tale of Two Cities bestemte eg meg for å følge opp med ei ny Dickens-lydbok ganske kjapt, og valet fall på Oliver Twist, ei av dei mest kjende bøkene hans.

Omrisset av historia er vel kjent for dei aller fleste? Oliver Twist er foreldrelaus, og veks opp i ein instutusjon for foreldrelause barn. Eit av formåla med institusjonen er at borna skal lære seg eit arbeid, men Oliver er ikkje særleg helding med arbeidsgjevarane han blir send til, og det ender med at han rømer til storbyen London. Her blir han lurt med i ein tjuvbande, og ting ser ganske mørkt ut før han treff på nokon som kan hjelpe han ut av elendet. Midt oppe i dette er det ein mystisk person som har ein eigen agenda når det gjeld Oliver.

Alt i alt er det ei brukbar forteljing, og ein god del meir kompleks enn «barnebok-stempelet» den har fått skulle tyde på. Men eg tykte på ingen måte at boka var like god som A Tale of Two Cities. Sjølv om skildringar av miljø og personar var av høg klasse, så saknar eg litt av den fandenivoldskheita som eg meinte å høyre i den førre boka. Dessutan tykte eg at det innimellom var litt for lettvinte løysingar med gode krefter som kom Oliver til hjelp utover i boka.

Men bevares, boka er god nok til at det er verdt å bruke tid på den, og vel så det. Og den er også god nok til at eg kjem til å høyre på fleire Dickens-lydbøker i løpet av året som kjem. Eg gleder meg alt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her er diskusjonstråd for Oliver Twist, med tilvisingar til heile Dickens-lesinga i jubileumsåret 2012.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Pip er foreldrelaus, han bur i fattige kår med den hardhendte storesøstera og mannen hennar, den godlynte smeden Joe. Medan han vitjar grava til foreldra sine ein vinterdag møter han ein rømd straffange, og blir truga til å hjelpe han med mat. Dette møtet får seinare uante konsekvensar.

Ikkje langt unna bur den merkelege Miss Havisham på godset sitt. Ho søkjer etter ein gut som kan kome og leike med adoptivdattera si, Estelle, av og til, og det blir Pip som får dette oppdraget. Den gamle og utmagra Havisham blei vraka av brudgomen på brudlaupsdagen, og ho vier resten av livet sitt til å dyrke denne fornedringa. Adoptivdattera blir opplært til å sjå ned på dei som er glad i henne, og sjølvsagt blir Pip forelska i Estelle. Vi følgjer Pip gjennom oppveksten og som ung og etter kvart vaksen mann. Han får sjansen til å gjere ei solid klassereise, og Dickens syner at dette ikkje nødvendigvis berre er positivt.

Det mest minneverdige med boka er nok alle dei fargerike romanfigurane. Det virkar som om Dickens ikkje greidde å halde igjen, han måtte male ut alle karaktertrekka til det groteske. Og det fungerer, desse figurane festar seg i fantasien til lesaren og gjer historia om til eit eventyr. Eg høyrde denne som gratis lydbok på Loyalbooks, opplesaren gjorde ein god jobb. Flott underhaldning på lange bilturar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

En av Charles Dickens mest undervurderte romaner, Dombey og sønn handler ikke om Dombey eller hans sønn, men om datteren Florence som har ingen verdi i farens øyne, da hun tross alt er bare en jente.. Jeg anbefaler denne på det varmeste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Charles Dickens's own memories of this school are far from complimentary, and in a speech much later in life he declared that "the respected proprietor of which was by far the most ignorant man I have ever had the pleasure to know, who was one of the worst-tempered men perhaps that ever lived, whose business it was to make as much out of us and to put as little into us as possible ..."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

'[Charles Dickens] astonished his schoolfellows by being the only one able to spell theatre, a feat which suggests not only his own early attachment to that place of entertainment but also the woeful ignorance of his classmates. [...]'

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Leser for tida A Week's Tramp in Dickens-Land - om ei vekelang reise i spora etter Charles Dickens og scener frå bøkene hans, i gode gamle victorianske England - ei bok til å bli inspirert av til endå meir Dickens-lesing!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne Jenseningar hKirsten LundSiljeKristine LouiseSynnøve H HoelBeathe SolbergSolTatiana WesserlingHilde H HelsethArne SjønnesenGroMonica CarlsenKetilGrete AastorpEirin EftevandMcHempettTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJIngeborg GsiljehusmorOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt Fagertveit