Reklame: Leseeksemplar frå @uberpress.
Eg opna denne og forelska meg umiddelbart fordi den lukta usedvanleg sterkt NY BOK. Ok, så har det kanskje gått ei stund sidan sist eg var i ein bokhandel. Eg skal vurdere å komme meg meir ut.

Konseptet får full skår hos meg. Eg kunne kjenne hjernen utvide seg når eg prøvde å sjå for meg korleis denne verda fungerer, og eg har sjeldan kjent ein så sterk utforskartrang i eit litterært univers. Eg pleier ofte å synes at verdsbygginga i fantasy er litt kjedeleg, men her måtte eg berre bla vidare for å sjå korleis det ville vere viss stein, jord og plantar hadde motsett tyngdekraft av alt anna. Eg elskar landskapa, fargane, kontrastane og korleis veslebroren ikkje rekk heilt opp til ruta si.

Dialogen er kort og presis og har dei viktigaste(?) orda utheva i snakkeboblene. Eg tenker at det er ei god tilrettelegging for umodne lesarar, men med eit vaksent blikk følast dialogen både overflatisk og masete. Språket flyt som om det skulle ha vore altfor kjapt omsett frå engelsk og det er vanskeleg for meg å tilgje at "dessverre" konsekvent blir skrive med éin s i ei bok som har potensial til å bli viktig lesetrening for dei som ikkje er så glade i vanlege bøker. Men dette vil neppe plage barna like mykje som det plagar meg.

Barna er opptekne av ei spennande historie, og det får dei opptil fleire av. Men som mange teikneseriebøker følast den ikkje heilt som éi samanhengande historie, og kjensla av å "måtte" lese vidare for å finne ut korleis det gjekk var alltid kortvarig. Den store umoglege reisa med dei to tenåringane på framsida som eg trudde at boka skulle handle om byrjar eigentleg ikkje før Issadora seier "OK, la oss dra!" nedst på side 138 og det er litt seint i ei bok på 156 sider. Men så er det noko ved denne sagaen som likevel gjer at eg er meir spent enn skuffa. Eg heiar på bok to, men eg blei ikkje overtydd om at ein sta arkitekt kan gjere jobben til ein forfattar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På dager med stress eller forvirring, vil du lettere få orden på tankene ved å krabbe litt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg og!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Stig TReidun Anette AugustinAvaGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindus