Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka, som kom ut i 1979, er 87 år gamle Lina Olsson si forteljing om livet som utvandrar. Den startar med at ho som ungjente på 17 reiste frå Sogn til Nord-Dakota i 1910. Ein får vite litt om dei traurige framtidsutsiktene i heimlandet, om vanskane med å finne seg arbeid i nyelandet, og etter kvart om livet som gardskjerring på eigen farm på prærien. Forfattaren Arvid Møller sper på med litt generelle fakta om utvandringa frå Norge til USA.

I tillegg til forteljinga om sitt eige liv, fortel Lina også mange andre historier; historier frå indianarkrigane nokre tiår før ho utvandra og som ho fekk muntleg overlevert, historier om tidlegare norske utvandrarar som det gjekk gjetord om då ho kom over, historier frå hennar og mannen si slekt, og historier om andre norsk-amerikanske familier som ho kjende.

Ein vesentleg grunn til at eg las denne boka nettopp no, var at eg tek del i ei felleslesing av Steinbeck sin «Vredens druer», som tek for seg historia til fattige bønder som blir tvungne til å reise frå jorda si under depresjonen i 1930-åra. Eg tenkte at sjølv som Lina sin historie gjeng føre seg 4 delstatar lenger nord på kontinentet så kunne den kanskje gi ekstra informasjon om forholda for jordbrukarar i Midt-vesten i 1930-åra. Men dessverre så var det berre ein liten del av boka som tok for seg denne epoka .

Boka er interessant og leseverdig, men rettferdiggjer likevel i mine auge ikkje meir enn eit middels terningkast.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvaBeathe SolbergmgeBertyJulie StensethKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth Svee