Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Åtte unge vaksne, fire gutar og fire jenter, dei fleste studentar eller forholdsvis nyutdanna, skal opphalde seg på ei øy i skjergarden ein heil sumar. Dei høyrer alle til same vennekretsen. Alf og Erna er i eit skrantande sambuarforhold, Astri er forlova med ein diplomat som ikkje er med på turen, dei øvrige er ikkje i noko fast forhold. Det vil seie, Erik, som er sjarmøren av gutane, har på sett og vis følge med Sigrid. Forteljaren i første person er Fredrik, han har tidlegare hatt eit godt auge til Sigrid, men er slett ikkje uinteressert i dei andre jentene. Dei to siste er Johan og Randi.

Her legg forfattaren til rette for romantikk og komplikasjonar. Spesielt når balansen i gruppa blir forstyrra ved at enno ei jente, den frilynde Evelyn, kjem til øya, og i neste omgang når Astri sin diplomatkjæraste samt ein seglarven av han dukkar opp. Men sjølv om det blir både romantikk og komplikasjonar i massevis, så opplever eg ikkje at det er dette som er hovudtemaet i forteljinga.

Boka innleiast nemleg med følgende sitat frå psykologistudenten Johan:

«Du er en selvbedrager og tilhører som sådan den forrige generasjon.»

Og her peikar Hoel på kva som er det verkelege temaet. Ungdomane har, som ungdomar flest, førestillingar om at dei kan frigjere seg frå samfunnet sine konvensjonar, eller sagt på ein annan måte frå den førre generasjonen sitt sjølvbedrag. Ved å legge frå seg sjølvbedraget, og ved rasjonell tenking og åpen diskusjon er dei visse på at dei kan ha eit fritt og sutlaust opphald på øya. Men Hoel viser fram at det ikkje er slett så enkelt.

Denne boka kom ut i 1927. Tonen er overraskande frisk og moderne, den held seg godt etter 89 år. Der er også ein god porsjon humor i forteljinga. Fascisme blir som snarast eit lite tema eit stykke ute i boka. Eg veit ikkje kor mykje den jevne nordmann uroa seg for fascismen i 1927, men det virkar som om Hoel var våken.

Klasseskilje er ikkje eit tema i og for seg, men noko eg tenkte ein del på undervegs. Ungdomane kjenner seg til ein viss grad underlegne den distingverte diplomatkjærasten til Astri og den rike seglarvenen hans. Dei kjenner på trangen til å sparke oppover. Her saknar eg refleksjon over privilegiet dei sjølve har, ved å ha fått moglegheita til å skaffe seg gode utdanningar og med utsikter til sjølve å leve i eit høgare sosialt sjikt enn den jevne nordmann.

Alt i alt var det uansett ei knakande god bok. Eg har to andre bøker av Hoel ståande ulest i bokhylla. Skal bli spanande å sjå om eg kjem til å like dei like godt.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

BenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KPrunellaLaila