Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Fabuleringar om gode og vonde dagar

Man burde (..) finne opp en ærlig høvel som kunne høvle løgnene vekk
fra historiene og villfarelsene vekk fra hukommelsen.

Hvordan soldaten reparerer grammofonen – det var tittelen som fekk meg til å kjøpe boka. Forfattaren er ung, f. 1978, og kjem frå Bosnia i det tidlegare Jugoslavia som i 1992 vart hardt ramma av krig. Vart utgitt for første gong i 2006.

Dette er boka om barnet, krigen, døden...
Det er barnet Aleksandar som fortel, ein liten gut – med sterk tilknyting til familien sin i byen Visegrad. Han opplever det barn skulle vere forskåna for: krig, øydelegging og tap. Han måtte flykte saman med sine næraste til Tyskland.

Boka er ei kjærleikserklæring til bestefaren, til elva Drina og fisketurane han hadde der, til eit samfunn som han opplevde som trygt og godt – og til venner som gav både varme og motstand. Det er også ei bok om å forlate ein heim – og om det å vende tilbake....

Eg vart fascinert over barnet Aleksandar sitt nesten dvelande syn på døden.
Eg vart gripen av vennskapen hans med Fransesco – ein vaksen mann – ein venskap som vart knust av vonde ord og sladder,
Eg vart gripen av hans utrøyttelege leiting etter minnet om Asija – og av korleis dei døde vert heidra i deira kultur. Spesielt og vakkert.

For meg vart dette ei bok full av uvanlege komposisjonar, strukturar, setningar og ordkombinasjonar. Fleire gonger måtte eg lese omatt sterke og overraskande gode språklege bilde, og rare nesten uforståelege innslag.

Eg opplevde boka som svært spesiell, såpass spesiell at eg eit par gongar undervegs vurderte å avbryte. Fantasien fekk til tider litt for fritt spelerom etter mi meining. Var ikkje alltid heilt sikker på kva han eigentlig ville fortelle. Eg er likevel glad eg fullførte ...
Kar: 4

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Cathrine AasMonica CarlsenHarald KKirsten LundAnniken LSynnøve H HoelSiriStig TLars Johann MiljeHildaDaffy EnglundmgeMarit HåverstadRune U. FurbergMarianne MAkima MontgomeryChristofer GabrielsenTanteMamiePiippokattaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJBIrakkLilleviKjell PMarit HøvdeFriskusenAnne-Stine Ruud HusevågYvonne JohannesenBjørg RistvedtBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingmarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirka