Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Aahhh – oppvekstskildring! Ein favorittsjanger for denne lesaren. Ein fyl guten Anders frå han er nokre få år gamal, frå det første minnet han har frå livet sitt, og til forbi konfirmasjonsalderen. Oppveksten er på ein gard på Austlandet ein stad, far er ein agronom som kom til bygda og gifta seg med odelsdattera på garden Anders veks opp på. Utanom foreldra og søskenflokken bur der også nokre få tenestefolk på garden, og der kjem sesongarbeidarar når det er tid for det.

Skildringa skiftar karakter i takt med at Anders veks til. Frå barnlege og underfundige betraktningar i dei tidlege åra, over til dei vare og forvirrande kjenslene til ein gut i pubertetsåra. Ein blir kjend med ganske mange folk i bygda, på godt og på vondt. Spesielt inntrykk gjorde to av tenestefolka på garden, Embret og Gorine, som har vært til-og-frå-kjærestar i eit par mannsaldrar, men som ikkje kan få einannan fordi den eldgamle mora til Gorine er imot det. Ei anna scene som gjorde uutsletteleg inntrykk er korleis Anders og ein gjeng andre gutar lar ein rampestrek gå alt for langt, og tek livet av ein geitekilling.

Forteljinga er lagt fram i tredje person. Men det er vanskeleg å tenke seg anna enn at Sigurd Hoel har nytta mykje av sine eigne barndomsminne som inspirasjon for boka. Hoel vaks sjølv opp på gard, så det er lett å forestille seg forfattaren som Anders. Sjølv om Anders åpenbart er glad i garden, bolk 1 av boka ber forresten tittelen Edens have, så verkar det ikkje som om han ynskjer å bli jordbrukar. Men kva ynskje og draumar hovudpersonen har kjem i liten grad fram i boka, den handlar stort sett om kva ballast han får med seg frå oppveksten. Og det meste av den er av den gode sorten.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Digget at boka i begynnelsen inntar barnets sted, ved å se ting fra knehøyde, og gjennom korte og enkle setninger, og senere i boka løfter alt seg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

INA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergLilleviWenche VargasJulie StensethAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenTraltemay britt FagertveitMarteLyria