Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Flott bok om ein einsam pungnasebjørn på ein slags Noah's ark, berre at arken er ein linjekryssar eller noko sånt. Alle dyra er to. Pungnasebjørnen er aleine og einsam. Kanskje er han den siste av sitt slag? Han er på dekk, i matsalen, i dansesalen, i lugaren sin, der det berre er ein tannbørste og ei enkelt seng, i biblioteket, der han les at pungnasebjørnen er sympatisk, men svært sjeldan og sky, og nedanfor ei teikning som berre liknar litt.
Eg skal ikkje røpe noko. Boka er fin. Blyantteikningane er i svart/kvitt, og er både detaljerte og har mange pusterom på same tid. Når bjørnen er på biblioteket, ser vi til dømes berre utsnitt av ei ugle bak skranken, bjørnen som les i ei bok, og ei ugle som leitar i ei bokhylle, eit lite skilt som seier "røyting forbudt" og ein kort tekst. Resten er tomrom. Kanskje framhevar det einsemda.
Dei to sidene som viser nyttårsfesten på skipet er full av liv og rørsle.
Eg har ikkje tenkt å røpe noko. Enkelt og greitt så likte eg den sympatiske pungnasebjørnen, og eg likte boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Harald KIris ElisaNorahBeathe SolbergMads Leonard HolvikJulie StensethPiippokattaMats L.Hanne MidtsundAlice NordliToveHelge-Mikal HartvedtWenche VargasIreneleserWencheTor-Arne JensenKirsten LundCathrine PedersenTorill RevheimJørgen NEivind  VaksvikHanneRufsetufsaTanteMamieJoannJoakimKjersti SVibekeEllen E. MartolElisabeth SveeKjell F TislevollGro-Anita RoenMalinChristofferVannflaskegretemorRandiAStig TAnne Berit GrønbechTone Sundland