Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg hugsa denne boka som veldig god frå då eg var mindre, og tenkte å sjå kva eg tykte no som vaksen.

Denne boka er så undervurdert. Den er morosam, koseleg, trist, hjarteskjærande. Ei av dei beste bornebøkene eg veit om!

Forfattaren behandlar temaet barnemishandling med varsemd. Det går ikkje an å snakke om mishandling på ein lettvint måte. Det går ikkje an å gjere det triveleg og rustikt. Dei koselege og fargerike karakterane lettar tyngda i tematikken, og gjer den tålbar. Nokre av karakterane er rett og slett fortryllande (altså, du), og du vert glad i William og Tom frå side 2. Boka er berre på 296 sider, men den er varm. Ho er ikkje sentimental eller sippete, berre ærleg og rett fram. Boka er tru mot sitt eigentlege publikum, så reint litterært er det kanskje ikkje noko stort verk – men historien er sabla god.

Den passar godt til eldre born og yngre ungdom (som med all anna ungdomslitteratur er dette veldig avhengig av modenskap og interesse), men og til vaksne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagKjetilMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad WøienCarine OlsrødAud- HelenPiippokatta