Ei ufatteleg trist bok om korleis små born vert utnytta fullt og heilt for å væra eit hjelpemiddel til å dekka voksne menneske sine seksuelle behov. Borna vert seksuelt utnytta og solgt openlyst på hotella sine brosjyrer over tilgjengelige tjenester. På line med tilbod om massasje, aromaterapi eller mat på rommet, vert små born i 8 år alderen solgt på timebasis eller for heile netter. Borna er sjuke, underernærte og har ytre skader etter vold og brennende sigarettar. Dei har vorte tegne frå sine foreldre og lever i forferdelege forhold og stor naud. Frå ei anna side får me gjennom boka kjennskap til dei vaksne som oppsøker desse borna, som penetrerer dei og påfører borna smerte, sjukdom, frykt og uhelse. Fleire av dei kaller forholda til borna " den nye kjærleiken". Ei hjerteskjærende bok eg skulle ynskja det aldri hadde vore grunnlag for å skriva.