Fornøyelig fra Jon Fosse, rett og slett til å småhumre av! Vaim er en fortelling om en sterk kvinne Eline, og tre menn som ikke har annet valg enn å gjøre som hun sier! Det er Jatgeir, som egentlig heter Geir; Elias, og Frank som egentlig heter Olav men som Eline insisterer på heter Frank. Selv blir Eline kalt Franka eller Frenka, Frenke-Franka eller Franke-Frenka, men hun var døpt Josefine. Lydboka lest av Anderz Eide er en flott lytteopplevelse!
Fosse med eit snev av humor.
Alt i opninga driv forfattaren lite grann gjøn med trufaste lesarar. Stemninga er middelaldersk som i trebandsverket Trilogien, men etterkvart skjønar vi at handlinga er lagt til nyare tid. Stilen kan ein trygt rekna som prega av «stream-of-consciousness.» Vi følgjer tankestrøymer hjå kvar av dei tre forteljarane, Jatgeir, Elias og Olav/Frank. På eit vis er det likevel den viljesterke Eline som trer fram som hovudpersonen i denne korte, vittige romanen, som òg har ein del alvor.
Kjente ikke til Fosse før Nobelprisen kom, men ble forelska i stilen hans veldig fort den gangen. Vaim er typisk Fosse. Gjentakelsene, den evige tankestrømmen, uperfekte karakterer som stadig får en til å tvile på hva som er virkelighet. Vaim er dørgende kjedelig, men fryktelig fengende - og det er noe av det jeg synes Fosse gjør best, å finne det gjenkjennbare i det hverdagslige, og å gjøre det som er dørgende kjedelig til noe som er nervepirrende og verdt å lese. Fosse kunne skrevet 200 sider om et 30-minutters toalettbesøk med forstoppelsesplager, og jeg ville nok slukt det!
Litt usikker på kva eg synes etter å ha lese rundt 190 sider frå Fosse sitt univers av gjentakingar, grubleri og handling lagt til ei eller anna lite utbrodert fortid. Det beste ved boka er at lesaren får tre ulike perspektiv. Fyrst Jatgeir, så Elias og til slutt Olav (Frank). Sentralt i alle tre står Eline.
Fosse syner oss tre menn som er handlingslamma i liva sine, og Eline som ei kvinneleg kraft som skapar endring og oppfyller draumane deira, men samstundes låser dei faste, tek frå dei fridom og skiljer dei. For min del er det greit med eit lite persongalleri, for eg er dårleg å hugse namn.
Ein kan peike på at Fosse brukar slåande bilder, som at Jatgeir sin søken etter å kjøpe nål og tråd på butikken viser at alt i dag er bruk og kast, medan noko så grunnleggjande som nål og tråd er nærmast uråd å få kjøpt. Problemet er jo berre at handlinga i boka er lagt til ei anna tid, og etter alle teikn fortid, sidan Bergen heiter Bjørgvin, og røynda er ribba for alt som kunne ha peika på notida som vi kjenner ho. Ein kan seie at Fosse på kunstnarleg vis tek vekk alle distraksjonar, og dermed synleggjer menneska og lagnadane deira, men for meg er denne tussmørkesona også slitsam og føreseieleg. Og virkar gjentakingane og manglande teiknsetjing suggerande og gripande? Ein del av meg finn det irriterande og i vegen for lesegleda.
Samla sett kan det vere at Fosse kort og godt er på for høgt kunstnarleg nivå til at eg heilt skjønar greia. Likevel nok til 4 gjentakingar for Vaim.
En gjenkjennbar Jon Fosse bok. Den handler i om både personen Eline og om båtene som heter Eline. Kjærlighet, død og en meget bestemt dame. Fin stemning i boka.