Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er førrste bind av trilogien "Krossen er din"

Hentet fra baksideteksten:

Engvald Bakkans hovudverk, romantrilogien Krossen
er din, kjem her i ny utgåve. Titlane på dei tre
bøkene er Krossen er din (I), Gjenom fossane (Il) og
Regnbogen i toreskya (Ill).

Desse tre bøkene er historiske romanar frå Åmli i
Aust-Agder i første del av 1700-talet. Dei forte! om
Inger og Knut, eit fredlaust kjærleikspar som flakka
omkring på heia i tretti år.

Inger er syster til Knuts avlidne kone. Etter lova som
galdt den gongen, vart eit slikt samliv rekna for blodskam.
Derfor blir dei to dømde til døden, men dei
rømmer frå bygda. Dette er utgangspunktet for forfattarens
fabulering om to menneske i ein svært vanskeleg
livssituasjon. Dei må bere den krossen som er
lagd på dei. Men krossen symboliserer også håpet.

Det som skjer på det indre plan i menneska, er stadig
det viktigaste for forfattaren. Men bøkene gir også
mykje verdfullt kulturhistorisk stoff, og Bakkan syner
fin evne til å smelte historiske fakta saman med
diktinga.

Engvald Bakkan (f. 1897) er ein forfattar som sikkert
fortener ein meir ruvande plass enn han hittil har fått
i litteraturhistoria. Mange hevdar no at Krossen er
din er eit av storverka i norsk litteratur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaEgil StangelandEster SAgnete M. HafskjoldAnneWangAlice NordliTonesen81Jan-Olav SelforsTuridmajaEllen E. MartolTanteMamieHarald KHenrik  Holtvedt AndersenMorten BolstadLisbeth Marie UvaagKirsten LundTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineHilde H HelsethMads Leonard HolvikHilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken Røil