Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Siste del i Vargskinnet-trilogien. No er ein nær innpå samtida. Hovudpersonen i denne forteljinga er presten Ingefrid Mingus, som er på jakt etter røtene sine ved Svartvattnet. Ho har funne ut at ho er dattera til Myrten, bortadoptert som spedbarn, og no ynskjer ho å grave litt i fortida. Myrten har gått bort for nokre år sidan, den einaste attlevande er adiptivsøstera Kristin. Og så den stendig like mystiske Elias/Elis, då. Det gjeng ikkje betre enn at Ingefrid etter kvart slår seg til i bygda.

Som i dei andre bøkene er det stort sett Kristin som fortel. Ho og Elias har utvikla eit nært vennskap på sine eldre år, og dei passar på einannan. Eit anna forhold som varma var det som utviklar seg mellom Anand, den smått autisitiske indiske adoptivsonen til Ingefrid, og Elias. Dei finn saman i interessa for kunst. Eller interesse og interesse, det er kanskje rettare å kalle det for åpenheit for sanseinntrykk som ikkje alle får med seg. Uansett var det godt skildra.

Noko anna som er godt skildra er livet i ei svensk avsidesliggande bygd i moderne tid. Eller snarare mangel på liv i denne bygda. Ein får nærmast inntrykket av at den einaste som har noko å gjere på er drosjesjåføren, som køyrer dei eldre i skytteltraffikk mellom heimane sine, butikk og lege. Fråflytta, aude og resignert. Men uansett kor små forhold der er, så er der alltids plass til eit lite bygdedyr.

Eg likte nok dei to første binda litt betre enn det tredje, men det er likevel ei god bok som eg vil anbefale å lese. Det vil seie, anbefalinga er snarare å lese heile trilogien. Sjølv las eg denne saman med Lesesirkelen av 2014, det virka som om dei fleste var nøgde med boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

AnneWangPiippokattaKirsten LundLilleviFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaBeathe SolbergNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneToveRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenAnne-Stine Ruud HusevågTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn SEllen E. MartolToneTanteMamieAmanda ABjørg L.Kristine LouiseGrete AastorpMonica CarlsensveinBjørn Sturød